Vatnet vert borte i Rosendal og omland

I samband med den nye vassleidningen i Muradalen skal det monterast ein ny kum på hovudleidningen. Dette arbeidet skal utførast onsdag 28. april, og vatnet vert denne dagen borte frå kl 0800 til kl 1600.


Dette vil berøra alle abonnentane frå Løfallstrand til Seimsfoss. Mange vil få vassforsyning med redusert trykk frå høgdebassenget på Løfallstrand, men dei husa som ligg høgast oppe vil vera heilt utan vatn i denne tida. ROV oppmodar alle til å bruka minst mogeleg vatn medan arbeidet pågår, slik at vatnet i høgdebassenget varer så lenge som mogeleg.

Rosendal og Omland Vassverk PL