Stort forbruk av vatn

Vi har målar som registrerar vårt totale forbruk av vatn. Dette er alt for høgt i høve til antall abonnentar. Dersom nokon veit om mogelege lekkasjar på røyrsystemet vårt så ber vi om at de sender melding om dette.


Eit problem om vinteren er og at nokon lar utespringar og liknande stå å renna for at dei ikkje skal frysa. DET MÅ VI IKKJE GJERA, så dersom du har ein slik spring som står å renn så ver venleg å skru den att . Eller dersom du har andre lekkasjar på eigedomen din, så ver venleg å reparer desse.

DØME:
Tenk over at dersom du har ein lekasje der det renn 15 liter i minuttet, så vert det 900 liter i timen. Det er 1,3 % av vårt totale forbruk pr time. Dersom vi har 50 slike lekasjar blant våre luteigarar så vert det ganske ille. Alle bekker små….

Med venleg helsing
styret i ROV