Rosendal og Omland Vassverk SA, kallar inn til ekstraordinært Årsmøte.

Møtet vert halde i møterommet hos Kvinnherad Elektro AS i Vangsvegen 13, 5470 Rosendal måndag 18. desember kl. 1900.


Andre gongs handsaming
Sakliste:
  • Endring av vedtektene.

Informasjon vedkomande ekstraordinært årsmøte i ROSENDAL OG OMLAND VASSVERK SA.
 
Vatnet som ROV leverar på nett kjem frå det nye anlegget i Hattebergsdalen. Inntaket ligg på 185 meter høgde. I  den såkalla Baronivegen ligg ein reduksjonsventil som reduserar trykket. Utan denne ventilen ville vi hatt 18,5 kg trykk ved sjøen. Ventilen reduserar trykket slik at vi normalt har 9,5 kg trykk ved sjøen. Det vil sei at dei som bur 50 meter over havet har 9,5 – 5 = 4,5 kg trykk på vatnet.
 
I januar i år svikta reduksjonsventilen i Baronivegen slik at vi fekk 13 kg trykk på vatnet ved sjøen. Dette førte til mange små og nokon store vasskadar i bygningar, og det vart betalt ut ein del store erstatningskrav frå forsikringsselskapet vårt.
Ei slik hending kan skje igjen.
 
Vi har tidlegare informert om at at huseigarar må installera trykkreduksjonsventilar i husa sine. Nokon har gjort det,  og dei fekk ikkje problem i samband med denne uønskte hendinga.
No seier forsikringsselskapet vårt at vi kan risikera at dei ikkje vil utbetala skadeserstatning  til huseigarar utan reduksjonsventil dersom ei slik hending skjer igjen Dei tilrår oss å ta med  i vedtektene krav om slik ventil.  Denne må monterast for huseigars rekning. 
 
Vi har tidlegare sagt at alle under 50 m.o.h. må montera ein slik ventil.  For å vera på den sikre sida skriv vi at alle som bur lågare enn 100 m.o.h. må montera slik ventil. 
 
I 2012 vart vassverket endra frå å vera eit partlag ( PL) til eit Samvirkelag (SA) i 2012.
 
Vi gjorde då endringar i vedtektene, tilpassa samvirkelova. Etter ein gjennomgang med revisor vil vi no gjera nye endringar for å tilpassa vedtektene til skattelova. Dette må gjerast innan utgangen av 2013. 
Difor har vi kalla inn til ekstraordinært årsmøte måndag  9. desember.
 
Dersom vi ikkje får kvalifisert fleirtal for endringane vert det nytt ekstraordinært årsmøte onsdag 18. desember.
 
Nedanfor finn du forslag til dei nye vedtektene for vassverket. Det er desse vi skal handsama på ekstraordinært årsmøte. Punkt som er foreslått endra er markert med gult.

» Forslag til nye vedtekter

 
Helsing
Rosendal og Omland Vassverk
styret
 
 
Med helsing
Rosendal og Omland Vassverk SA
Postboks 147
5486 Rosendal
Kjell Haugen
mobil 916 38 660