Om vasskvaliteten

Anleggsaktiviteten i Muradalen har ført til at ROV har hatt ein del tekniske vanskar som har gitt ustabil leveranse av kvalitetsvatn. Difor har vi sendt ut kokevarsel til abonnentane ein del gonger.  Det er likevel ikkje mange timane folk har vore utan vatn i springen. Kokevarsel vert sendt ut når drifta av reinseanlegget (UV-anlegget) på Fossberg sviktar. Vi har ikkje venta med å senda ut varsel til vi har påvist bakteriar i vatnet, men har teke det valet å vera føre var, og sender varsel dersom det er mistanke om bakteriar. Denne meldinga sender vi for at vi vil folk det beste, og at dei skal vera merksame på at vasskvaliteten nett då ikkje er som den skal vera. I meldinga skriv vi at vi vil tilrå å koka drikkevatnet, men vi veit at dei fleste drikk vatnet som det er, og nokon kjøper flaskevatn. 


Det er berre 5 år sidan vi fekk UV-anlegg for å ta knekken på bakteriar. Før det drakk folk det vatnet som kom i springen heile året utan tanke på korleis kvaliteten var.  Vi som får vatn frå Muradalen er og så heldige at vi har ein unik god kvalitet på råvatnet,  noko av det beste i landet.  Det er i hovudsak i periodar med ekstremt regnver det vert bakteriar i vatnet, for då kjem det vatn i inntaket som har runne ned i terrenget utanom elvefaret.

Når det gjeld sprøsmål om folk må betala den same prisen for vatnet når vi har så mykje kokevarsel, er svaret ja. ROV er eit partlag der alle abonnentane eig ein part i vassverket. Vi eig såleis vassverket i fellesskap.  Ifølgje vedtektene våre er vi ikkje ansvarlege for å betala økonomisk erstatning ved slike uønskte hendingar som dei vi har hatt i seinare tid.

Når det nye anlegget i Muradalen er ferdig før sommaren neste år, vert nok alt betre. Då vil vi ha ein mykje sikrare reinseteknikk, og stabil drift. Vi vil også ha basseng med ferdig reinsa vatn til bruk ved leidningsbrot og liknande. I påvente av dette må vi nok vera budde på at driftsproblem vil oppstå.

Med helsing
Rosendal og Omland Vassverk PL
Kjell Haugen