Ny vassleidning
Arbeidet med den nye vassleidninga mellom Rosendal og Omvikdedalen går framover.
Som kjent skal den føra vatn frå Muradalen , og det er eit samarbeidsprosjekt mellom Rosendal og Omvikedalen vassverk.

Vår nytte av leidninga er å knyta til øvre Skeishagen slik at abonnentane her får betre trykk. Og så skal den levera vatn til Skeie og Seglem. I det området har vi gjennom åra hatt store driftsproblem knytt til pumpestasjonane som forsterkar trykket opp der.
Det er ikkje teke avgjerd om den kan takast i bruk når den er ferdig, eller om vi må venta til behandlingsanlegget i Muradalen er ferdig.
ROV