Ny vasskum
Det skal monterast ein ny vasskum i Baronivegen. I samband med dette arbeidet vil vegen vera delvis stengt i perioden fram til onsdag 23. oktober. Omkøyring til Eik og Hatteberg gjennom baronihagen.
I samband med arbeidet vil vatnet i hovudleidningen i Baronivegen verta avstengt måndag 21. og tysdag 22. oktober. Abonnentar på Mehl vert heilt utan vatn desse dagane.
Etter at vi tok i bruk den nye leidningen som går til Omvikdalen er det no mogeleg å forsyna nettet vårt med vatn via tilkopling til denne leidningen i Skeishagen. Dermed vil alle, unntatt abonnentane på Mehl ha vassforsyning frå den leidningen, samt frå høgdebassenget på Løfallstrand.
Men trykket kan verta redusert, og ver venleg å ikkje sløsa med vatnet desse dagane.
Rosendal 17. oktober 2013
Styret i ROV