Monter sikkerhetsventil i huset ditt
I dag har vi hatt problem på nettet. Årsak er at trykkreduksjonsventilen på hovudleidninga har svikta. Dette har medført ein trykkauke på det meste av nettet. Det førte til fleire lekkasjar på hovudleidninga, samt at mange fekk utblåsing i sikkerheitsventilane på varmtvassstankane sine.
Slik hending har vi hatt før, og det vil skje igjen. Vi vil igjen presisera fylgjande:
Alle huseigarar som bur under 50 meter over havet bør installera trykkreduksjonsventil på inntaket i huset sitt. Dette gjeld alle typar bygningar, i heile forsyningsområdet til ROV. Dersom ein har slik ventil vil det ikkje verta skade på installasjonar innandørs.
Ein slik ventil kan monterast av alle autoriserte rørleggarar. Kostnaden dekker du sjølv.
Dersom du har datamaskin og les dette, så har du sikkert mobiltelefon og. Om du ikkje har fått melding om denne hendinga på mobiltelefonen din, så vil eg oppmoda om at du melder deg på ROV si meldingsteneste. Lenke til dette finn du her
Rosendal 25. januar 2013
Rosendal og Omland Vassverk PL
styret