Melding til Neslia

I veka som gjekk måtte vi skifta ein vasskum på hovudleidninga i Neslia. Dette førte til at vatnet var vekke i 15 timar.  
Det var teknisk problematisk og krevjande å utføra denne jobben, for rett ved vasskummen var det både dreneringsleidning, røyr for overvatn, kloakk, fiber, straum og telefon.   I morgon måndag 30. april kl. 0900 må vi stenga vatnet i Neslia, igjen. Vi fekk ikkje fullført arbeidet i veka på grunn av tekniske detaljar. Jobben er mindre omfattande denne gongen, og vatnet er etter planen tilbake før kl. 1800.  Førre gong var det nokon som ikkje fekk melding om at vatnet vart stengt.  Vi har no registrert ein del fleire på varslinga, men har truleg ikkje fått med alle. Vi er takksame om du hjelper til å spreia meldinga i nabolaget denne gongen. Helsing  Rosendal og Omland Vassverk PL