Leidningsbrot

Det er brot på hovudleidninga på Hatteberg. Tidlegare når vi hadde leidningsbrot så vart dei høgtliggande abonnentane utan vatn. No er vi så heldige at vi har høgdebassenget på Seimsfoss som vart laga i samband med den nye overføringsleidninga til Omvikdalen.  No vil vi få vatn i retur frå dette høgdebassenget, og alle abonnentane vil få normalt trykk og vassforsyning. Så i dag får vi igjen for at vi var med på denne investeringa. Men spar på vatnet og ikkje bruk meir enn naudsynt til reperasjonen er utført.
Helsing ROV, styret.