KOKEVARSELET VERT OPPHEVA LAURDAG 9. OKTOBER
Onsdag sende Rosendal og Omland Vassverk PL (ROV) igjen ut kokevarsel til abonnentane. Som vi hugsar hadde vi kokevarsel ein stor del av september månad på grunn av skadar og problem med vassleveransen. Etter 2 veker med stabil leveranse og god vasskvalitet får vi igjen problem. Det skuldast ein svikt i UV-anlegget på Fossberg. Feilen er reparert, og anlegget fungerar no som det skal. Kokevarselet vert oppheva i morgon laurdag.
Dette UV-anlegget vart montert for 5 år sidan, og det har på langt nær vore så driftssikkert som ein hadde forventa. Dette skulle vera ei mellombels løysing fram til det nye vassbehandlingsanlegget i Muradalen var ferdig, men som vi kjenner til har det drege ut i tid. Etter planane skulle dette vore ferdig for fleire år sidan. Men no er vi godt i gang, og når det nye anlegget er ferdig til neste år, vert det slutt på alle desse problema. Fram til det må folk vera førebudd på at slike uønskte hendingar kan førekoma. Ein positiv ting er at vi for ei veke sidan tok i bruk den nye overføringsleidninga. Abonnentane på Skeie og Seglem får no vatn frå den og dermed ein meir stabil vassleveranse, og vi har slått av brytaren på pumpestasjonen på Skeie.
Rosendal 08.10.2010
Rosendal og Omland Vassverk PL
Kjell Haugen