KOKEVARSEL ER OPPHEVA.

Endeleg kan vi melda at kokevarselet er oppheva. Det har vore ein lang periode med koking av drikkevatnet. Som du veit skuldast dette fleire tekniske problem som  kom på ein gong, men ikkje alle problema hadde ein direkte samanheng.


Men vi kan ikkje garantera ein problemfri  vassleveranse.  Så lenge byggeperioden i Muradalen varer, kan vi risikera  små driftsproblem. Det kan  at vi i korte periodar må stenga vasstilførselen, då vil  dei abonnentane som ligg høgast verta utan vatn og dei andre vil få vatn med redusert trykk frå høgdebassenget på Løfallstrand. Slike avbrot vil bli varsla i førekant dersom det er mogeleg.

Så får vi gle oss til det nye anlegget i Muradalen er ferdig. Då vil det bli ein stabil leveranse av vatn, og mange av feilkjeldene våre blir  vekke.

Vi beklagar dei ulempene du har hatt den siste tida.

Rosendal 24.09.2010

Med helsing

Rosendal og Omland Vassverk PL
Kjell Haugen