Innkalling til Årsmøte
Alle luteigarar vert med dette kalla inn til årsmøte i Rosendal og Omland
Vassverk PL.
Årsmøtet vert halde 12. april kl 1900 på Rosendal Fjordhotel.
Sakliste
1. Godkjenning av innkalling og saksliste.
2. Val av møteleiar, referent og to medlemmer å underteikne protokollen.
3. Godkjenning av årsmelding og rekneskap.
4. Fastsetjing av vassavgift og tilknytingstilskot.
5. Val av styreleiar, styremedlemmer, varamedlemmer og valnemnd.
6. Val av revisor og eventuelle andre verv.
7. Endring av vedtekter.
Det er kome krav frå Brønnøysundregistera om at Rosendal og Omland
Vassverk PL vert endra til samvirkelag slik at reglane i Samvirkelova vert gjeldande.
Føretaksnamnet vert då endra til Rosendal og Omland Vassverk SA. Det er
utarbeidd nye vedtekter som er tilpassa Samvirkelova, jf. vedlegg, og det er
forslag om at desse vert vedtekne slik dei ligg føre for årsmøtet.
Denne endringa krev 2/3 fleirtal og desse 2/3 må representera minst 1/10 av parteigarane. Dersom mindre enn 1/10 av parteigarane møter, vil det bli innkalla til nytt årsmøte der saka kan avgjerast med 2/3 fleirtal av dei som då er til stades.
Medlemmer som vert representert ved fullmektig må leggje fram skriftleg fullmakt.
Rosendal, den 02.april 2012
Styret i Rosendal og Omland Vassverk PL
Vedlegg:
» Årsmelding
» Forslag til nye vedtekter