Historie

Historia bak Rosendal og Omland Vassverk

 

Forord

Etter oppmoding frå styret i Rosendal og Omland Vassverk har eg skrive dette vesle skriftet om vassforsyninga i Rosendal gjennom hundre år.

Dei historiske opplysningane har eg fått frå møteprotokollar og arkiverte skriv.

Dette er og ein del av bygdesoga vår som det er verdt å ta vare på.

Biletet på framsida og kartet over leidningsnettet, er laga av Jon Øyro.

Rosendal, januar 1991

Edvard Thorup

Litt historikk om vassforsyninga i Rosendalsområdet

Vi veit alle at vatn er avgjerande viktig for alt liv her på denne jorda. Det i ha rikeleg vatn er eitt av grunnlaga for menneskeleg trivsel og utvikling. I det gamle norske bonde-samfunnet var saka forholdsvis enkel. Kvar gard hadde sin brunn, eller i det minste ei vassrenne som stod i samband med ei nærliggjande elv. Etter kvart som tettstader og bysamfunn vaks fram, måtte vassforsyninga løysast i fellesskap. Vi fekk vassverk.

Her i landet har vi alltid hatt lett tilgang på friskt, godt vatn. Vi forstår neppe kva stort gode vi har og har hatt på dette området. I mange land er det å få reint og nok vatn eit stort samfunnsproblem.

Den første røyrleidninga vert lagt ned

Rosendal var etter måten tidleg ute med å skaffa seg eit vassverk. Rett nok var det heller smålåtne saker til å begynne med.

Det har vore eit langt og seigt arbeid gjennom hundre år og fram til det fine anlegget vi har i dag. Det er ikkje eit sjølvsagt gode når vi skrur springen på og vatnet strøymer ut.

Opptaket til det vi må nemna som vassverk i Rosendal, var ein avtale frå 26. februar 1891 der skipsbyggjar Knut Skaaluren og Theodor Helland fekk løyve frå oppsitjarane til å leggja ein leidning med 6″ røyr frå Melselva (Kalvatræ) ned til eit lite industrianlegg ved sjøen. Til denne leidningen vart det etterkvart knytt til nokre få gardsbruk og andre hushald som låg i nærleiken. Denne hovudleidningen er såleis grunnstamma til det seinare Rosendal Vassverk. Theodor Helland som dreiv ein trevarefabrikk på Skåla, overdrog så sin part til Joseph Jensen i 1898.

Jensen var bergensar og tidlegare skipskaptein. Han dreiv i mange år ei mølle i Skålafjøro. Det må og nemnast at han i 1909 sette opp eit lite elektrisitetsverk som forsynte dei næraste husa med straum til ljos. Dette var den første straumleveransen i Rosendal. Joseph Jensen skøytte så i 1939 «det mig tilhørende vannverk» til dottera

Ruth Feet til eit verde av kr. 5.000,-

Skiping av Rosendal Vassverk

Det var på denne tida at tanken om å få eit eige og større vassverk i bygda kom opp. Ein del bygdefolk kom saman for i drøfta saka. Resultatet vart at Rosendal Vassverk vart skipa 1. mars 1938. Den første formannen var kjøpmann Anthon Nygård. Han var og den som tok initiativet til dette bygdetiltaket. Dei andre i det første styret var: Johs. S. Skåla, Johan Skåla, Kasper Arnesen og Kristian K. Skåla. Det var i alt 35 personar som stod for skipinga av vassverket.

Dette var altså før Ruth Feet hadde skøytt over vassverket til det nyskipa laget. Det skjedde først 24. februar 1940.

Styret si første oppgåve var å tinga om prisen for anlegget. Til slutt vart eit tilbod på kr 4000,- godteke. Det var elles stadige drøftingar i styret korleis ein kunne hindra frostskadar på det skrøpelege leidningsnettet som bestod både av trerøyr og jernrøyr.

På årsmøtet i Turnhallen 6. mai 1942 vart det vedteke å utføra ei større utbetring og isolering av røyra.

I styret vart då valde: Hans Skeie, formann, Samson Sundal og Jens Nerhus.

Det er så – merkeleg nok – ikkje ført noko i protokollen før enn i 1963. Det er såleis ein periode på 21 år som vi ikkje har konkrete opplysningar om. Det er fortalt at i denne tida var det få eller ingen utgifter i samband med drifta. Det vart då heller ikkje kravd inn vassavgift. Det har tydelegvis berre hangla og gått i desse åra.

Dei store frostskadane i 1963

Vassverket stod utan midlar då frostkatastrofen kom i 1963. Det utvikla seg dramatisk då store deler av hovudleidningen fraus sund etter ein lang og hard kuldeperiode. Folk var utan vatn i fleire veker og måtte ty til mange slag improviserte løysingar for å berga seg.

24. mars 1963 vart det halde allmannamøte på Skåla, innkalla på kort varsel. Møtet gjorde det klart at no måtte arbeidet med reparasjon av leidningsnettet setjast i gang straks og lån takast opp til å finansiera arbeidet med.

I det nye styret kom desse med: Elling Fleten, Gunnar Sundal, Bård Tveitnes, Olav Håland og Odd Hus. På det konstituerande møtet den 20. april 1963 vart Elling Fleten vald til formann. Rekneskapen (eller mangel på rekneskap) for dei siste åra måtte no gjennomgåast for å kunna laga ei restanseliste for ubetalt vassavgift. Det var inga lett oppgåve.

Det vart elles arbeidd iherdig for å få vassverket i brukbar stand, det førde til ei gjeld på kr. 24.618,-. For å få denne gjelda nedbetalt så snart råd var, vart det vedteke ei eingongsavgift på kr. 200,- for kvar abonnent.

Lover for vassverket vart utarbeidde og vedtekne. Det er no kome fart i sakene, og det er tydeleg at ein er komen over dei aller største vanskane. Likevel gjorde årsmøtet 7. mars 1966 eit vedtak der Kvinnherad kommune får tilbod om å overta vassverket vederlagsfritt.

Årsmøtet valde elles dette styret: Knut Berge, Odd Hus, Bård Tveitnes, Helge Løvfall og Kristian Haugland. Kristian Haugland vart vald til formann. Tilbodet til kommunen om overtaking, avviste kommunen av økonomiske grunnar. Dette fordi berre privateigde vassverk kunne få statstilskot. Kommunal drift av vassverket har seinare ikkje vore aktuelt.

Vi nærmar oss no det store omskiftet i vassforsyninga i Rosendalsområdet. Rosendal Vassverk skulle snart stå fram som eit nytt og heilt omorganisert vassverk. Det vart sett ned eit interimstyre for «Nytt Vassverk i Rosendalsområdet». Desse var med der: Alv Storegjerde, Sigurd Skeie, Knut Skaaluren, Odd Hus, Hermann Døhlen (for NVE), Tor Hatteberg og Olav B. Espeland.

Alt i februar 1969 vart det sendt ut eit rundskriv til alle husstandar i Rosendal og nabobygdene med tilbod om å teikna luter i eit nytt vassverk. Men før eit nytt vassverk kunne skipast, måtte det gamle avviklast. Dette kom opp på årsmøtet 1. april 1969. Det møtte berre tolv luteigarar. Den viktige saka om overføring til «nytt vassverk», kunne såleis møtet ikkje ta stilling til, då dei ikkje var vedtaksføre på grunn av lite frammøte. Ein gjorde då vedtak om å skriva til kvar einskild luteigar og gjera greie for stoda. Dersom eigarane gav fullmakt til det, skulle styret i det gamle Rosendal Vassverk tinga med interimstyret i «Nytt Vassverk», og gjera avtale.

Resultatet etter denne avstemminga vart: Av dei 60 eigarane var det berre 9 som ikkje ville gå inn for avtalen om overføring. Styret hadde dermed fått fullmakt til i skriva under avtalen om nytt vassverk i Rosendalsområdet. Dette vart gjort 9. mars 1970. Underskrivarane var: Kristian Haugland, Odd Hus, Helge Løvfall, Knut Berge og Bård Tveitnes.

Rosendal og Omland Vassverk

Møteprotokollen syner at det vart halde skipingsmøte den 20. desember 1969. Det møtte 22 personar.

Samrøystes vedtak: Det vert i skipa nytt vassverk under namnet: Rosendal og Omland Vassverk. Forsyningsområde skulle vera frå Løfallstrand til Seim. Leidningsnettet med tilhøyrande rettar vart overteke av det nye vassverket. I styret kom desse med: Johannes Hus, Johannes Løvfall, John Nygård, Kaare Skaala og Olav Ljostveit. Johannes Hus vart vald til formann.

Melding til Sunnhordland Handelsregister vart sendt 2. april 1970. Det kjem klårt fram av møteboka at vi no har fått eit aktivt styre som ser framover og som har til mål i gje bygdene våre ei tidhøveleg og effektiv vassforsyning.

Dette skulle ta tid og kom til i kosta mykje arbeid – og pengar.

Ei viktig sak som straks måtte løysast, var utviding av leidningsnettet frå Nes til Løfallstrand. Ein såg og at dette berre var byrjinga til mange små og store utvidingar.

Det vart derfor kalla inn til ekstraordinert årsmøte 7. desember 1970. Her fekk styret fullmakt til i byggja ut leidningsnettet i heile forsyningsområdet og i ta opp lån til dette føremålet. Det var no nødvendig med fast kasserar. Helge Løvfall tok på seg arbeidet.

Tidleg på syttitalet er det tydeleg at vassinntaket i Kalvatræ ikkje lenger fyller krava til fullgod vassforsyning. Det vart teke vassprøvar i Hattebergselva og Melselva med tanke på nytt inntak.

På årsmøtet 1. aprill1971 fekk vassverket Knut E. Skåla til formann. 9. november 1973 vedtok styret i gje løyve til i setja i gang arbeidet med forgreiningsleidningen Skeie-Seim etter Johs. Hus sine utarbeidde planar.

Vi er no inne i ei tid der det ofte er utskiftingar i styret. Den saka kom til å betra seg seinare, som vi skal sjå. På årsmøtet 19. mars 1974 vart Edvard Bøyum vald til formann. I styret hadde han med seg: Konrad Fedt, Arne Hus, Knut E. Skåla og Jon Storækre.

I årsmeldinga for 1974 finn vi dette viktige vedtaket: Utbygging av nytt vassinntak vert å setja i gang i Muradalen. Sivilingeniør Johs. Sørli har utført planleggjingsarbeidet og lagt fram kostnadskalkyle.

Går vi fram til årsmeldinga for 1975, ser vi at Lambrecht Haugen er blitt formann. I styret elles: Edvard Bøyum, Knut E. Skåla, Jon Storækre og Alfred Underhaug.

Arbeidet med å få i vatn frå Muradalen har gått raskt fram. Leveranse av vatn derifrå tok til i august månad1975. Det blir opplyst at utvidinga av leidningsnettet til Seglem er ferdig. I denne årsmeldinga får Johannes Hus eit takkens ord for godt utført konsulentarbeid for vassverket.

Det syner seg snart at inntaket i Muradalen blir litt av eit smertens barn for vassverket. Inntaket er for svakt og kan derfor ikkje gje tilstrekkeleg vatn til nye byggefelt. Forsterking av inntaket er nødvendig. Fleire alternativ er under utarbeiding. Det er tydeleg at styret har ein hard jobb med å få det heile til å fungera tilfredsstillande. Men dei står på !

I årsmeldinga for 1979 ser det ut som om alle er nøgde med framgangen i forsterknings-arbeidet i Muradalen. «Vasstilførsla er mangedobla» er den tilfredse konklusjonen.

Men alt i 1982 syner det seg at vassinntaket likevel ikkje gjev nok vatn og at «noko må gjerast», som det heiter.

Men så hende det noko som brått forandra situasjonen heilt.

Storflaumen i 1983

Storflaumen 25.oktober 1983 kom med stor ofse. Hovudleidningen slitna og inntaks-kummane vart turrlagde. Mellombels tiltak gjorde at bygda var utan vatn berre ein dag. Ei slik straksløysing viser at det var eit handlekraftig styre som stod i brodden for reparasjonsarbeidet.

Alt i årsmeldinga for 1984 står det: «Inntaket er ferdig og verkar tilfredsstillande».

Etter flaumskaden i 1983 søkte vassverket til Naturskadefondet om erstatning. Fondet løyvde kr. 138.000,-. Dette retta opp økonomien i stor mon.

Vassverket går no inn i ein rolegare arbeidsperiode. Det er heller små vedlikehalds-utgifter, men stadige utvidingar av leidningsnettet på grunn av eit jamt tilsig av nye abonnentar.

I 1985 er såleis byggefeltet i Skeishagen ferdig og vassleidningar lagde ned der.

Styret for 1990 har vore:

Lambrecht Haugen formann (med i styret frå 1975)
Lars Brakstad, (med i styret frå 1980)
Edvard Bøyurn, (med i styret frå 1974)
Bjarne 0. Larsen, (med i styret frå 1977)
Jon Storækre, (med i styret frå 1974)
Varamenn: Johannes Hus, Egil Skeie.

Vi ser at dette har vore eit sjeldan stabilt styre. Det bør nemnast at Lambrecht Haugen har vore formann i vassverkstyret i 15 år samanhengande.

Rekneskapsførar: Alfred Underhaug (frå 1983)

Rosendal og Omland Vassverk har ved utgangen av 1990 506 abonnentar. Den totale lengde på leidningsnettet er ca. 15 km.

Revisjon: Sunnhordland Revisjonsinstitutt, Stord.

Økonomien til vassverket er rimeleg god.