Fortsatt kokevarsel

Vi har ikkje fått reparert skaden på vassleidninga i Muradalen, og vi brukar  som tidlegare meldt  vatnet frå Laurdalselva. Dette vert levert på nettet utan UV behandling. Vi vil difor tilrå å koka drikkevatnet.  Det kan ta noko tid å få utbetra skaden  på leidningsnettet, og kokevarselet vil truleg vara til 6. september. Vi gjev ny melding når dette er oppheva.


Vi fekk i førre veke delvis vatn frå Omvikedalen Vassverk, men heile ROV sitt nett får no  vatn frå Laurdalselva. Inntaket der har avgrensa kapasitet, så vi vil oppmoda om å ikkje sløsa med vassbruken.

Rosendal 30.08.10

ROV