Betaling for vassavgift for 2012

Vi har sendt ut faktura for 2012, og det er kome ein del tilbakemeldingar frå mottakarar. I samband med omlegging til nytt fakturasystem har det oppstått ein feil i koplinga mellom giro-nummer og KID- nummer. Det har medført problem med å registrera betalinga på nettbank. Banken jobbar med saka, og feilen vil vera retta i løpet av eit par dagar. Så vent til det nærmar seg helg før du registrerar betalinga. På grunn av dette problemet endrar vi forfallet til 10.05.2012. I samband med nytt fakturasystem med KID måtte vi ha ein ny konto for innbetalingar.
Nummer 3201.54.74032 er rett . Nedst på faktura står det oppført fleire kolonnar med satsar. Satsane er knytt til moms. Vassavgifta er høg sats, altså 25 % mva. Ver merksam på at beløpet du skal betala står nedst på fakturaen til høgre.
Helsing ROV